Hopp til innhold

Skal avhøyre vitne for å finne årsaka til dødsulukka

Politiet og Statens vegvesen jobbar no hardt for å finne årsaka til den tragiske ulukka i Flora i går der ein mann i 50-åra omkom. Namnet på den omkomne er no frigjeve.

Dødsulukke Flora

BILVRAKET: Ein mann i femtiåra omkom då han køyrde ut i sjøen. Ein kranbil heiste opp bilvraket.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Politiet må avhøyre dei vitna som har sett utforkøyringa for å danne seg eit bilete av kva som har skjedd. I går kveld var trafikkulukkesgruppa der for å gjere sine undersøkingar, seier Wenke Hope, tenestestadsleiar for politiet i Flora.

Mange såg ulukka, men politiet er framleis interessert i å få fram meir informasjon.

– Vi er interesserte i å få eit breidast mogleg bilete av hendinga, så viss det er fleire som har sett noko som ikkje har vore i kontakt med politiet, så ynskjer vi at dei tek kontakt, seier ho.

Det var Knut Alfred Hatleset (53) frå Flora kommune som omkom. Pårørande er varsla og kjende med at namnet no blir frigjeve.

Mannen blei erklært død på staden

– Årsaka er framleis uklar, men det er eit enkelt køyretøy som køyrde av vegen og hamna i sjøen. Det var vitne til det som skjedde, så vi fekk raskt melding om ulukka, seier politiet sin operasjonsleiar Torbjørn Thue til NRK.

Helikopter leitar ved Mekevika i Flora

STOR AKSJON: Alt tilgjengeleg redningsmannskap blei sendt til Mekevika i Flora då ein bil køyrde i sjøen.

Foto: Truls Kleiven

Det var ein mann i femtiåra som sat i bilen, og han blei så raskt som råd var henta opp frå sjøen. Han blei erklært død på staden, og pårørande er no varsla.

Det var ein kranbil som heiste opp bilvraket.

– Køyretøyet vil bli undersøkt og åstadgruppa vil kome hit og sjå på forholda på staden og omstenda rundt, seier Thue.

Alle naudetatane, inkludert redningsdykkarar, blei kalla ut. Mannskap frå redningshelikopteret i Florø og redningsskøyta deltok også i aksjonen. Politiet i Florø skal no etterforske saka.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.24.

Mekevika ligg ved Brandsøy mellom Florø og Eikefjorden.

Dødsulukke Mekevika i Flora, bil i sjøen. Autovernet der bilen køyrde i grøfta

ULUKKESSTADEN: Bilen køyrde ut ved Mekevika i Flora.

Foto: Dødsulukke Mekevika i Flora, bil i sjøen. Autovernet der bilen køyrde i grøfta / NRK