Hopp til innhold

Bil i grøfta ved Bjørset

Rundt kl. 07.30 skal ein bil ha hamna i grøfta ved Bjørset i Jølster langs E39, skriv Firda. – Det er ikkje noko personskade og ikkje skade på eigedommen. Derfor rykte ikkje politiet ut, seier Knut Dahl-Mikkelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Bilen skal ikkje vere til hinder for trafikken.