Hopp til innhold

Familie berga seg ut etter at bil byrja brenne

To vaksne og to barn berga seg ut då ein bil byrja brenne i oppstiginga frå Borlaug på vestsida av Hemsedalsfjellet.

Bilbrann ved Borlaug

HENTA: Den utbrente bilen blei henta av bergingsbil. Campingvogna hadde skadar på fremre del.

Foto: Tor-Bjørn Kyrkjebø

Alle naudetatane rykte ut etter melding om bilbrann på riksveg 52 i svingane opp frå Borlaug i Lærdal klokka 17.13 onsdag ettermiddag. Rundt klokka 18.10 blei det meldt at brannen var sløkt.

Det byrja først å brenne i bilen, men den spreidde seg seinare til campingvogna som bilen hadde med seg. Dei fire personane som var i bilen skal ha kome seg ut, men spesielt dei vaksne har behov for ein legesjekk på grunn av røyken, får NRK opplyst ved Vest politidistrikt.

Brann i bil med campingvogn i Lærdal

MYKJE RØYK: Den danna seg ei stor røyksky etter at bilen byrja brenne.

Foto: NRK-tipsar

– Det er særleg behov for at dei to vaksne personane blir tekne med til legevakt i Lærdal grunna eksponering for røyk, opplyser politiet.

Politiet opplyste klokka 19.08 at bilbergar jobba med å få fjerna bilen og campingvogna. Køyretøya stod slik til at dei sperra for all trafikk. Det blei meldt om glatt vegbane på staden som følgje av ei blanding av oske og olje. Entreprenøren blei også varsla for å gjere tiltak.

Alarmsentralen opplyser at bilen skal vere utbrent. Campingvogna skal ha brannskadar på fremre del. Ifølgje politiet skal det skal vore gass i campingvogna, men denne blei kopla frå.

Bilbrann ved Borlaug

UTBRENT: Bilen var heilt utbrent etter brannen, mens campingvogna fekk skadar på fremre del.

Foto: NRK-TIPSAR

Bilen som byrja brenne stod i ein av dei øvste svingane i det som blir kalla Holesvingane i stigninga på veg opp frå Borlaug, på vestsida av Hemsedalsfjellet på riksveg 52.

NRK har snakka med ein bilist som stod i kø lenger nede. Han fortalde at det var enorm røykutvikling og at dei såg flammar. Bilisten sa klokka 17.50 at det kunne sjå ut til at bilen var heilt utbrent.

Vegen opna att litt før klokka 19.30. Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er ein av dei mest trafikkerte fjellovergangane i Sør-Norge, og folk på staden fortalde om lange køar i begge retningar etter brannen.

Borlaug

FJELLOVERGANG: Bilen byrja brenne på fylkesveg 52 i oppstiginga frå Borlaug i Lærdal, som ligg på vestsida av Hemsedalsfjellet.