NRK Meny
Normal

Bil i fjellveggen ved Borlaug

Ein bil med fem personar i har køyrt i fjellveggen på riksveg 52 like ovanfor krysset ved Borlaug.

Bil i fjellveggen

TRAFIKKULUKKE: Bil med fem i fjellveggen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det var to vaksne og tre born i bilen. Ein sju år gamal gut er send til sjukehus med kuttskadar i hovudet, dei fire andre har kome frå det utan skadar, seier Espen Gulliksen, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø.

Unnamanøver

Ulukka skjedde om lag 500 meter frå krysset ved Borlaug der E16 og riksveg 52 møtest. Bilen med dei fem kom køyrande på veg ned frå Hemsedalsfjellet på riksveg 52.

– To vogntog hadde stogga på ein litt uoversiktleg stad, og bilen med dei fem klarte ikkje å stogge. Sjåføren gjorde ein unnamanøver og valde å køyre i fjellveggen framfor ein kollisjon med lastebilane, seier Gulliksen.

Trafikkulukke

MATERIELLE SKADAR: Ulukkesbilen måtte fraktast vekk frå staden av bilbergar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Laster Twitter-innhold

Vegen er no opna for fri trafikk etter at det ein periode var manuell dirigering for personbilar forbi ulukkesstaden, opplyser Statens vegvesen.

Laster kart, vennligst vent...

I FJELLVEGGEN: Ulukka skjedde på riksveg 52, om lag 500 meter frå krysset ved Borlaug.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå