Bil hamna i fjellveggen på rv. 5

Ein bil med to personar køyrde i fjellveggen ved opninga i Bergstunnelen på riksveg 5 i Fjærland. Tunnelen er no open att etter å ha vore stengt i nær to timar.

Laster kart, vennligst vent...

Bergstunnelen ligg på riksveg 5, mellom Fjærland og Sogndalsdalen.

Det melder både Statens vegvesen og Helse Førde på Twitter.

I fylgje Jan Gunnar Holvik hjå Alarmsentralen er det ikkje meldt om personskade.

– Det er ein bil som har køyrt i fjellveggen i tunnelmunninga på Fjærlandsida.

I fylgje Politiet er dei to personane tilsynelatande uskadde. Trafikken gjennom tunnelen vart stengd i nesten to timar. Personane i bilane vart køyrd til lokal legevakt for sjekk.

I fylgje mannskap på staden er det ekstremt glatt vegbane.

– Vi har folk på plassen som dirigerer trafikken. Vi har også kontakta Vegtrafikksentralen slik at dei kan få ut strøbil, seier Holvik.

I fylgje politiet er dei to personane avhøyrde av politiet på staden. Det er ikkje mistanke om køyring i påverka tilstand, og det er ikkje inndrege førarkort. Politiet vil likevel opprette sak.