NRK Meny

Bil i fjellveggen

To personar er innblanda i ei trafikkulukke på E39 mellom Sandane og Breim, melder politiet. Bilen skal ifølge vitne først ha køyrt til venstre, så til høgre, så treft autovernet og deretter i bergveggen. Begge airbagane er utløyst. Det er skader i fronten på bilen.
– Meldinga går ut på at begge personane er oppegåande ute av bilen. Vi veit ikkje tilstanden utover det, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Politidistrikt Vest.

Vegopning på Bergum i Førde kommune