NRK Meny
Normal

Bil i elva ved Heilevang

Ein bil med to personar har sklidd i elva ved Heilevang mellom Askvoll og Førde. Politiet melder no at ingen av dei er alvorleg skadde og at dei ikkje vert innlagde på sjukehus.

Bilulukke Heilevang

PÅ TAKET: Bilen landa på taket i elva etter ulukka.

Foto: Bjørn Atle Gulbrandsen / Privat

– Bilen fall tre til fire meter og vart liggjande på taket. Det var to personar involverte, mor og dotter dreiv med lærekøyring. Dei vart tekne hand om av helsepersonell på staden, seier operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Avsnes.

AMK ved Førde Sentralsjukehus opplyser til NRK at dei to personane var inne i bilen då den sklidde ut i elva, men skal ha kome seg ut.

Dei to personane er sendt til legevakt. Det skal ikkje vere snakk om alvorleg personskade, opplyser AMK.

Klokka 16.26 melder politiet at ingen av personane er alvorleg skadde, og at ingen av dei vert innlagde på sjukehus.

Politiet vil no etterforske saka, for å finne ut kva som skjedde før bilen enda i elva.

Ulukke Heilevang

OPP NED: Dei to i bilen har vore heldige etter eit fall på tre, fire meter der dei landa opp ned i elva.

Foto: Steinar Bauge
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser