Hopp til innhold

To personar berga seg ut av brennande bil

To personar redda seg ut av ein bil som byrja å brenne under køyring i Sundsdalen i Førde. Brannmannskap har no fått kontroll over brannen.

To personar kom frå det utan fysiske skader då det måndag ettermiddag byrja å brenne i ein bil i Sundsdalen i Førde.

SJÅ VIDEO: Like etter klokka 17 kom det melding om brann i ein bil i SUndaldalen i Førde, om lag ein halvtime etter på hadde brannmannskap fått kontroll på brannen. (FOTO/REDIGERING: Oddleif Løset)

– To personar var i bilen då det plutseleg byrja å brenne, men dei kom seg tilsynelatande uskadde ut, seier ein av politibetjentane på staden, Stian Romslo.

Bilbrann i Sundsdalen i Førde

OVERTENT: Bilen var overtent då brannvesenet kom fram.

Foto: Oddleif Løset

Politiet fekk melding om brannen like over klokka 17. Bilen var overtent då både politi og brannvesen kom fram.

I tillegg til å starte sløkking av bilbrannen, tok brannmannskap til å spyle eit hus som stod nokre meter frå den brennanden bilen.

Like før klokka 17.30 melder Alarmsentralen at dei har fått kontroll på brannen.

Bilbrann i Sundsdalen i Førde

OVERTENT: Bilen var overtent då brannvesenet kom fram.

Foto: Oddleif Løset

– Bilen stod like ved eit hus, men dei har full kontroll på brannen, og det skal ikkje ha vore noko fare for at brannen skulle spreie seg, seier vaktleiar Nina Andal.

– Dei involverte er ikkje formelt avhøyrt enno, så vi veit ikkje kva som var årsak til brannen. Det må gjerast tekniske undersøkingar før vi kan svare på det, seier Romslo.