Hopp til innhold

Bil i autovernet på Måløybrua

Ein mann er køyrt til lege etter å ha køyrt i autovernet på riksveg 15 i Vågsøy.

Bil i autovernet på Måløybrua

I AUTOVERNET: Bilen hamna i autovernet på Måløybrua.

Foto: Bjarte Eldevik

– Ein einsleg bil har køyrt i autovernet på Måløybrua. Føraren av bilen, ein mann i slutten av tenåra, er køyrt til lege for sjekk, opplyser Inge Værøy ved politiet sin operasjonssentral.

Både politi, helse og brannvesen vart kalla ut til staden. Bilen er ikkje køyrbar og bilberging er venta til staden. Vegen er open i det eine køyrefeltet.

– Årsaka til hendinga er ikkje klarlagt, men det er ikkje mistanke om rus, fortel Værøy.

Bilen har køyrt i autovernet på den vestre delen av Måløybrua.

Bil i autovern