Hopp til innhold

Bil i autovernet – åtvarar mot glatte vegar

Ein bil køyrde i autovernet på fylkesveg 13 på Rørvikfjellet i morgontimane laurdag. – Vi er inne i tida for rimfrost, og folk bør tenke på vinterdekk, åtvarar Vegtrafikksentralen.

rørvikfjellet

Ifølgje politiet er det ikkje snakk om personskade, men materielle skader på bilen.

Føraren opplyser at det er svært isete veg på staden. «Til OBS», skriv politiet på Twitter når dei melder om ulukka klokka 08.43.

– Det er årstida for at vegane byrjar å bli glatte. Det skulle ikkje vere ei stor overrasking, like lite som at det blir mørkt tidlegare, seier operasjonsleiar hjå politiet, Wenke Hope.

– Speglis på staden

Politiet åtvarar mot glatt veg på Rørvikfjellet.

– Det er speglis, ligg nordvendt og er lite trafikk. Då legg det seg gjerne litt meir enn meir enn på trafikkerte vegar, seier Hope.

Men ho vil ikkje overdramatisere situasjonen på vegane.

– Over fjellovergangar kan det vere glatt, men dei fleste plassar vil det ikkje vere det no. Men det er klart folk må vere observante.

Laster Twitter-innhold

– Julekvelden på kjerringa

Roger Nedberge Hille på Vegtrafikksentralen i Lærdal seier det er bart på fjellovergangane i dag, men at det ikkje betyr at vegane er bare overalt.

– Tida er inne for rimfrost på vegane om natta. Det går jo mot vinter.

Uhellet på Rørvikfjellet er den einaste telefonen han har fått om glatte vegar i dag. Men, fjorårets erfaringar med mange ulukker då vegane byrja å bli glatte, gjer at oppmodinga til bilistane er klar.

– Folk må tenke på vinterdekk no, slik at glatta ikkje kjem som julekvelden på kjerringa, slik som i fjor. Tenk over kor du køyrer og om det kan vere glatt, seier Nedberge Hille.