NRK Meny
Normal

To frakta til sjukehus etter trafikkulukke i Balestrand

To personar er køyrde til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke ved Målsnes i Balestrand. Skadeomfanget er førebels ukjent.

Ulukke på Kvamsøy i Balestrand

UTE AV BILEN: Dei to personane er køyrde til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Foto: Robert Jan Leerink

Vest politidistrikt melder på Twitter at det er store skadar på bilen. Ulukka skal ha skjedd i ei 80-sone ved Målsnes mellom Balestrand og Kvamsøy på fv. 55.

Klokka 13.20 opplyser Vest politidistrikt at personane i bilen er køyrde til Førde sentralsjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er førebels ukjent.

Alarmsentralen opplyser at det var to personar i bilen, og begge har kome seg ut. Personane vart tekne hand om av ambulansepersonell på staden.

Vegen var ei periode stengd på staden, men er no open att. Det er likevel framleis redusert framkomst.

Laster kart, vennligst vent...

MÅLSNES: Ulukka har skjedd ved Målsnes mellom Kvamsøy og Balestrand.

Vegopning på Bergum i Førde kommune