Bil hamna ti meter utfor skrent

Dei store materielle skadane vitnar om at eit hardt møte med fjellsida då bilen køyrde av vegen.

Bil hamna utfor vegen på Utvikfjellet

VRENGT: Panseret på bilen har vrengt seg bakover i det harde møtet med fjellsida.

Det var like før klokka 23 laurdag kveld at politiet fekk melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 60 over Utvikfjellet.

Det skal ha vore fleire ungdomar i bilen som køyrde i grøfta og til slutt hamna ti meter ned i ein skrent. Då bilen til slutt stogga på si ville ferd låg den på taket.

Bilen fekk store materielle skader, og ungdomane som sat inni har hatt marginane på si side. Ingen av dei fekk fysiske skader etter ulukka.

Berre eit kvarter seinare fekk politiet melding om ei ny trafikkulukke, denne gongen på Kjøshammertunnelen på fylkesveg 60 i Hornindal. Bilen skal ha velta, men dei ein personen som var i bilen vart ikkje skadd.