– Bilen hamna på taket i skulesvingen på Eikås, opplyser vakthavande ved Alarmsentralen til NRK.
Det skal ha gått bra med dei involverte. Politiet opplyser at det er ei utforkøyring utan personskade, og at dei ikkje er kopla inn.
Det er langt frå første gong uhell skjer i skulehussvingen. Ein fjerdedel av ulukkene i Jølster kommune skjer nettopp der, og seinast i september vart ein mann alvorleg skadd.