NRK Meny
Normal

Bil hamna på taket i Fjaler

Ein mann har blitt henta av luftambulanse etter ei ulukke der ein bil hamna på taket.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skal ha skjedd ved Sagaelva i Fjaler, på fylkesveg 65, melder politiet. Det var berre éin bil involvert i ulukka og éin person i bilen.

– Ein bil låg på taket, og føraren av bilen klarte å komme seg ut med hjelp frå forbipasserande. Mannen vart henta av luftambulanse før politi kom til staden, seier operasjonsleiar for politiet, Olaug Holme.

Vegen var stengd, men er no opna att.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå