NRK Meny
Normal

Bil hamna på taket

To personar kom frå det med lettare skadar etter at dei køyrde utfor vegen og hamna på taket på riksveg 53 mellom Øvre årdal og årdalstangen onsdag ettermiddag.

Ulukka skjedde i austre enden av Naustbukttunnelen, rett før Øvre Årdal.

Bilen skal ha køyrt borti autovernet før den skjena over i motsett køyrebane og deretter kvelva. 

Politiet fekk melding om ulukka rett før klokka 17.

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut til staden. 

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.