Bil hamna på taket

To personar fekk i natt tilsyn av ambulansepersonell etter eit trafikkuhell på riksveg 15 på Raudeberg i Vågsøy. Like etter klokka halv eitt i natt snurra bilen dei sat i og hamna på taket. Etter tilsyn av helsepersonell på staden framstod dei to som uskadde, opplyser politiet.