Hopp til innhold

Bil hamna på sida etter smell i autovernet

Ein ung sjåfør slapp frå det med mindre kuttskadar då bilen han køyrde gjekk i autovernet og landa på sida på fylkesveg 55 like utanfor Høyanger fredag morgon.

NRK-tipsar

NAUDETATANE PÅ PLASS: Alle naudetatane vart sende ut. Ifølgje politiet har bilen blitt flytta vekk frå vegen slik at trafikken kunne passere normalt.

Naudetatane rykte like over klokka 07 fredag morgon ut til ei trafikkulukke mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen på fylkesveg 55 i Høyanger kommune.

Føraren, ein ung mann, var åleine i bilen.

– Det er ein einsleg bil som har vore i autovernet, og hamna over på sida. Bilen har fått store materielle skader, men det er sannsynlegvis ikkje noko alvorleg personskade, seier operasjonsleiar Marianne Føleide ved Vest politidistrikt i Florø klokka 07.35.

Like før klokka 08 opplyser politiet at mannen har fått mindre kuttskadar.

Ifølgje politiet går trafikken som normalt forbi ulukkesstaden.

Bilen skal ha stått litt inn i vegen etter samanstøyten med autovernet, og vart flytta på for å sleppe trafikk forbi. Bilen er ikkje køyrbar, og blir henta av bilbergar.