NRK Meny
Normal

Bil byrja å brenne på E39

FØRDE (NRK): Ein bil byrja å brenne på E39 like ved Førde hotell, men etter kort tid var brannen under kontroll.

Bilbrann i Førde

FULL FYR: Bileigar Frank Kirkebø var i rundkøyringa på veg mot ein bensinstasjon då han oppdaga røyk. Han fekk svinga inn på busslommen ved Førde hotell.

Foto: Håvard Nesbø

– Det var full fyr i motorrommet på bilen, seier innsatsleiar Gunnar Englund til NRK.

Politiet fekk melding om brannen kl. 10:32. Ti minutt seinare var brannen sløkt takka ein sjåføren og ein hotelltilsett.

– Det var ein snarrådig sjåfør som klarte å svinge inn på busslomma og ein like snarrådig tilsett som sprang ut med brannsløkkingsapparat og fekk sløkka brannen, seier Englund.

Full fyr

Den snarrådige sjåføren var Frank Kirkebø som eig bilen. Han var på veg mot ein bensinstasjon for å fylle då han oppdaga at det rauk frå panseret.

– Eg køyrde inn på den utkøyringa ved hotellet. Då eg opna panseret var det full fyr nedi.

Han fortel at han sprang inn på hotellet for å spørje om sløkkeapparat.

– Vi fekk sløkt, men sidan det er bensin så blussa det opp att. Vi måtte ha brannvesenet bort.

Bilen er ein veteranbil han har hatt i mange år, og Kirkebø hadde nettopp fått skilt på han. I helga skulle han vise bilen fram under arrangementet Trøkk n'Truck i Førde.

– Så dette var litt synd. Eg kjøpte bilen for mange år sidan og har hatt han lagra. No var vi ferdige med det tekniske og skulle til å starte med karosseriet. Det blir litt ekstra arbeid no.

Tykkjer det er bittert

Han trur at motoren er intakt etter brannen, men at mykje anna i motorrommet er skadd.

– Det er jo bittert, men eg er snart pensjonist så eg har god tid, seier han.

Og sjølv om ikkje denne bilen kan visast fram i helga, så er det likevel eit lyspunkt.

– Eg har ein annan bil også. Den skal eg ta med dit, seier han

Ingen skadde

– Ingen har blitt skadde og det var ikkje fare for spreiing, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Bilen no står i ein busslomme like ved hotellet.

– Politiet er på plass og etterforskar kva som har skjedd, seier Samsonsen.

Bilbrann i Førde

SLØKT: Bileigaren og ein tilsett ved hotellet sløkte brannen, men måtte også ha hjelp av brannvesenet. Dei har drive med nedkjøling.

Foto: Håvard Nesbø
Vegopning på Bergum i Førde kommune