Hopp til innhold

Bil brann i bustadområde

Søndag kveld brann ein bil i Stryn.

Bil brann Stryn

BRANN: Politiet fekk melding om brannen i bilen i eit bustadområde klokka 18.35.

Foto: Roger Vik

– Det skjedde i eit bustadområde, seier operasjonsleiar hjå Odd Arve Solvåg, til NRK.

Alle naudetatane vart varsla og rykte ut. Politiet fekk meldinga klokka 18.35.

– Vi fekk melding om at brannen var sløkt klokka 18.46, seier Solvåg.

Ingen personar vart skadde i brannen. Saka vert etterforska av politiet i Stryn.

– Vi veit førebels ikkje kva som var årsaka til brannen, seier Solvåg.