Hopp til innhold

Bil brann etter tullekøyring

Politi og brannvesen måtte i eitt-tida i natt rykke ut til ein bil som stod i brann på E39 på Langeland.

Det viste seg å vere ein bil som skulle til opphogging som nokre ungdommar hadde det moro med, opplyser politiet.

Eit kvarter tidlegare hadde folk i bustadfeltet Slåttebakkane i Førde meldt frå til politiet om tullekøyring med den same bilen.