Hopp til innhold

Bil av vegen på rv 5

Ein bil med to personar køyrde i fjellveggen på vegen mellom Førde og Naustdal.

Ulukke

KOM FRÅ DET UTAN SKADER: Det var to personar i bilen som kom frå uhellet utan skader.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Det var ein bil som køyrde i fjellveggen. Dei to personane som var i bilen kom seg ut, og blei tatt hand om av helse, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Frode Eide.

Ulukka skjedde ved Skredvika på vegen mellom Førde og Naustdal på rv. 5.

– Det var to menn i bilen. Føraren var ein mann i 40-åra. Det er ikkje snakk om personskade. Vi tok avhøyr på staden, og vi veit førebels ikkje noko om årsaka, seier Bengt Næss, som er operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Bilbergar kom raskt til staden og fekk fjerna bilen. Det er no fri ferdsel.