NRK Meny

Bil av vegen på riksveg 5

Ein bil har køyrd av vegen i området ved Erdalen på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Ifølgje politiet er det berre ein bil som har vore involvert. Føraren seier seg uskadd, melder politiet på Twitter, som også opplyser at det skal vere svært glatt på staden. Brannvesenet vart også sende til staden. Ifølgje Alarmsentralen i Sogn og Fjordane måtte bilen fjernast med bergingsbil.