Hopp til innhold

Bil av vegen i Lærdal

Ein person er send til legevakt for sjekk etter å ha køyrt av vegen på Eristrekka i Lærdal. Politiet fekk melding om hendinga klokka 0630. Ingen andre køyretøy var involverte. Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til ulukka, mn det skal vere glatt i området. Det er no manuell dirigering forbi ulukkesstaden.