Hopp til innhold

Bil av vegen

Like før klokka 0700 i dag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen i Lærdal. Dei tre som var i bilen skal vere uskadde, men prega av hendinga, skriv politiet på Twitter. Alle tre er sende til sjukehus for sjekk. Bergingsbil er rekvirert og trafikken går som normalt på staden.