NRK Meny
Normal

Ein klassikar til kvelds

Biff og bearnaise er ein god gammal klassikar. Mange av oss lagar den enkle sausvarianten, rett frå pose. Her gjer vi ein heimelaga vri med smør, fløyte, egg og estragon.

Entrecôte er frå den fremste delen av storfekammen.Sjå etter mørt kjøtt med fine striper med feitt. Steiketida på ein entrcôte avheng av tjukkelsen på kjøtstykket og kor mykje steikt du vil ha den.Kjøtet kryddrast med salt og peppar før den leggast i ei god og varm steikepanne.

Dette treng du til ein god bearnaise for 4 personar:

2 -3 eggeplommer

300 gr. smør som du må gjøre klar med smelting på sterk varme og hurtig nedkjøling slik at vann og salt utskilles.

1,5 dl vatn

1/2 sjarlottlauk

1 ts finhakka persille

Ei lita ss vineddik

litt knust heil pepper

1ts estragon

Det første du gjer er å ha vatn, lauk og persille i ei panne og koke det i nokre minutt, til det kjem fram gode smakar. Sett til sides.

Avkroket med lauken og persillen, som vi kokte opp først må silast før du har det i egga.

Bruk ein passe stor stålbolle eller kasserolle og start med å piske egga med ei klype salt og litt vineddik.

Spe forsiktig med ”lunka” klara smør under kraftig pisking. Bruk alt du har av musklar. Sper du for fort, kan sausen ”sprekke”. Skulle uhellet vere ute, kan du prøve å berge sausen med ein skvett kaldt vatn eller ein eggeplomme til på kanten av panna og piske kraftig.

Smak til med pepper, estragon og ha evt litt meir vineddik i sausen for ein syrlegare smak. Det er og godt å ha i litt steikesky frå den ferdige sausen. Sky gjer susen.

Dette er en god klassisk saus.

Biffen og bearnaisen kan serverast med ein god salat. Steikte poteter eller pommes frites smakar godt til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.