Betydeleg skredfare i fylket

Ifølgje varslingstenesta varsom.no er det også i dag og i morgon betydeleg fare for snøskred i både Indre Fjordane. Jotunheimen og Indre Sogn. Ved faregrad 3 kan sjølv ei lita tilleggsbelastning på snøen løyse ut skred i bratte heng. Hovudredningssentralen bad i går alle som løyser ut skred om å kontakte politiet, slik at redningsetatane har oversikt over skreda som er gått i fjellet.