Hopp til innhold

Betydeleg framgang på Engebø–prosjektet

Nordic Mining-aksjen steig etter melding om betydelege framsteg på Engebø–prosjektet.

Oslo Børs

OPP: Aksjekursen til Nordic Mining steig, før helga, med 3,64 prosent på ein time.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– På lenger sikt kan det vere viktig at marknaden har ei fornuftig verdivurdering av selskapet. Det kan bidra til god finansiering etter kvart, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum.

Ivar S. Fossum

FINANSIERING: Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum har tru på å få finansieringa på plass for å starte med gruvedrift på Engebø.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Før helga steig Nordic Mining-aksjen med 3,64 prosent på ein time etter at selskapet, i ei børsmelding, melde at det var gjort store framsteg på Engebø-prosjektet når det kjem til å kommersialisere rutil. Selskapet har også fått utvida utvinningsløyve for Engebø med ti år frå november 2017.

– Eg er glad på vegner av alle dei som alt har investert i selskapet, og eg er glad for at ei melding om framgang vert teke godt imot av marknaden, seier Fossum.

Han fortel at selskapet akkurat no held på med ein kartleggingstudie som skal legge hovudgrunnlaget for å vurdere oppstart av industriverksemd på Engebø.

Boring i gruve

BORING: Om lag slik ser det ut når Nordic Mining borar inne i ei gruve.

Foto: Nordic Mining