Hopp til innhold

Bettingselskap trur på Sogndal

Sogndal overlever i eliteserien – det trur i alle fall Betsson.

Ole Jørgen Halvorsen og Ørjan Hopen

SPELESELSKAP ER SIKRE: Betssom trur på Ole Jørgen Halvorsen, Ørjan Hopen og resten av Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Speleselskapet har allereie sett odds på neste års eliteserie som rullar igang igjen 25. mars. Og på lista over lag finn vi altså Sogndal.

Oddssetjar i Betsson Norge, Terje Jahn, er sikker på at Sogndal overlever i eliteserien i år.

– Vi har god tru på laget. Vi ser på sjansen for at dei greier seg som meir enn 95 prosent. Det er difor vi har dei med på lista for neste år, seier Jahn.

Etter kampen mellom Fredrikstad og Start laurdag kveld, er skilnaden mellom Sogndal og Start seks poeng og ein målforskjell på ti mål. Det trur Jahn er nok til at laget kjem til å stå på lista, også etter at årets serie er slutt når dei to siste kampane er spelte.

– Dersom Sogndal mot alle odds rykkjer ned, så byter vi dei berre ut med Start.

– Er det mange som spelar på kven som vinn eliteserien?

– Det er eit av dei spela det blir spelt mest på, seier han.

Skulle Sogndal klare å vinne serien neste år, blir det godt betalt for dei som har sett pengar på laget. Oddsen er på 350, medan Rosenborg har lågast med 2,15.