- Det viktigaste vedtaket handlar om å etablere ein ny industrikraftmarknad for langsiktige kontraktar, seier Ingrid Heggø som er andrekandidat for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.
I tillegg har dei bestemt å fjerne den såkalla ENOVA-avgifta. Det betyr ei samla innsparing på 2,2 millionar kroner i året for fleire bedrifter i Høyanger.
- Gunstige avtaler
Ein samla opposisjon i energi og miljøkomiteen i Stortinget påla torsdag regjeringa å opprette ein eigen kraftmarknad med gunstige avtaler for norsk industri. Bak forslaget sto Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet.
Heggø seier at eit nytt industrikraftregime er ei viktig sak for lokalsamfunn som Årdal, Høyanger og Svelgen som opplever stor usikkerheit etter kvart som dei politisk bestemte kraftkontraktane går ut.