NRK Meny
Normal

Betre vêr inn i nyttårshelga

I 2017 kjem vintervêret tilbake, seier meteorologen.

Nyttårsafta 2016

MODELL: Meteorologane sitt grove vêrkart for nyttårsaftan 2016 lovar i alle fall betre for Sogn og Fjordane enn

Foto: Twitter.com/meteorologene

Medan store mengder nedbør har laga trøbbel med ras og stengde vegar i dag, ser det ut som om vi har betre vêr i vente di nærare 2017 vi kjem.

– No etter kvart vil den samanhengane nedbøren gå over til regnbyer. Snøgrensa har vore veldig høg i dag, den vil sakte men sikkert krype nedover utover kvelden fredag, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

  • Det er sendt ut OBS-varsel for lokalt store mengder nedbør i fylket fredag og første del av laurdag. Det er venta mellom 50–100 millimeter nedbør.

Les også:

Nyttårsaftan blir betre

Før vi går inn i 2017 vil temperaturen gå nedover.

– I morgon kveld må vi rekne med byenedbør som sludd og snø i indre- og høgareliggande område. På kysten vil det nok komme seg regn, fortel meteorologen.

Men mellom regnbyene er det håp for god sikt og opphaldsvêr.

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

STATSMETEOROLOG: Martin Granerød har hatt mykje regn å melde den nest siste dagen i 2016. Nyttårsaftan blir betre, fortel han.

Foto: NRK

– Det blir nok litt lite sikt i fylket i morgon, men det er moglegheit for å sjå rakettane mellom regnbyene. Det er ikkje mogleg å seie om det vil vere god sikt akkurat når vi skal skyte opp fyrverkeri. Men nokon vil nok få opphald og andre ikkje, seier meteorologen.

  • Dersom du vil følge med på regnbyene sjølv er det lurt å sjå på vêrradaren på Yr.no, som syner kvar det regnar akkurat no. Er regnbyene på veg dit du er?

Fredag bles det liten storm ved Stad. Vinden vil roe seg nyttårsaftan til liten kuling, og komme frå nordvestleg retning.

Laster Twitter-innhold

2017 startar med vintervêr

Den første dagen i det nye året startar med litt meir vinterlege temperaturar.

– Det ser ut som at det vil bli sludd eller snø først på dagen, og etter kvart opphald. Måndag ventar vi opphaldsvêr i store delar av fylket, seier Granerød.

– Temperaturane vil bli så låge at det er grunn til å bruke helga på å bere inn litt ved, seier han.

Frå tysdag av har meteorologen nytt som vil glede mange skisenter i fylket.

– Det kjem eit nytt lågtrykk tysdag, men då er luftmassane litt kjøligare enn dei har vore i det siste. Så då kan skistadane få litt påfyll av snø, avsluttar han.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy