Hopp til innhold

Betre tilbod til valdtekne

For første gong skal valdtekne kvinner få eit eige tilbod i Sogn og Fjordane. Helse Førde startar denne hausten opp sjølvhjelpsgrupper.

Finnmark og Sogn og Fjordane er dei to einaste fylka i landet som ikkje har eit eige mottak for valdtekne kvinner.

- Store mørketal

- Vi ønskjer å oppnå at desse kvinnene skal få hjelp med problema dei slit med etter ei valdtekt. Vi ønskjer også å spreie informasjon i kommunane, forklarar avdelingssjef Kirstin Bruland ved Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde.

Kor stort er problemet i eit fylke som Sogn og Fjordane?

- Vi trur det er store mørketal. Eg trur behovet er større enn det vi er klar over.

Dårleg respons

Når Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde no startar opp sjølvhjelpsgrupper, har senteret søkt dei 26 kommunane i fylket om pengar til drift av mellom anna kontakttelefon og opplæring av gruppeleiarar. Så langt har berre to kommunar sagt ja, Gulen og Årdal. Ordførar Trude Brosvik i Gulen meiner kommunane i fylket må kjenne besøkelsestida si.

- Det er eit kommunalt ansvar å hjelpe valdtekne. Det er lurt for små kommunar i Sogn og Fjordane å samle alt ansvar på ein stad. Difor synest eg kommunane bør støtte opp om dette.