Hopp til innhold

Ny skal brystkreftopererte få eit betre tilbod i eige fylke

Helse Førde har fått på plass ein ny kirurg i plastisk kirurgi. Dermed får brystkreftopererte eit betre tilbod i eige fylke.

Mammografi-undersøkelse

BETRE TILBOD: Ein ny kirurg skal sikre at brystkreftpasientar får eit betre tilbod i Sogn og Fjordane.

Foto: JOUHANNAUD Thomas / Colourbox.com

Når den nye kirurgen er på plass betyr det at kvinner med brystkreft kan sleppe to operasjonar.

Til no har dei måtte reise ut av Sogn og Fjordane for tilbod om rekonstruksjon, no får moglegheit til å gjere dette lokalt.

– Dette er heilt fantastisk. Det er kjempeflott for dei kvinnene som har behov for rekonstruksjon, seier Ester-Johanne Sande som er leiar i Brystkreftforeininga i Sunnfjord.

Har «vist pupp» i kampen for nye bryst

Ei av tolv kvinner i Norge får brystkreft i løpet av livet, og som med andre kreftsjuke blir livet deira brått snudd på hovudet. Med tøff behandling er det i dag slik at 88 prosent av alle brystkreftpasientar er i live fem år etter at dei har fått diagnosen.

Men for mange er det ofte ein ny kamp som må kjempast etter dei har blitt friske, kampen om å få tilbake brystet eller brysta dei har mista.

Dei siste åra har behovet for betre tilbod for rekonstruksjon av bryst etter brystkreft fått stor merksemd i Norge. I fjor aksjonerte fleire brystkreftopererte topplause framfor Stortinget. Dei meiner det er uverdig at mange brystkreftopererte må vente i mange år før dei får eit nytt bryst.

Nokre vel heller å betale for ein slik operasjon ved private klinikkar.

– Det er deilig å ha to bryst. Det er viktig å leggje sjukdommen bak seg. Det er ikkje like deilig å betale ned gjelda, men det var verdt det, sa Lill Thommesen til NRK.no i samband med aksjonen utanfor Stortinget i mars i fjor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Viste frem arrene foran Stortinget

VISTE FRAM ARR: Fleire av aksjonistane viste fram arra dei har etter brystkreftoperasjonar då dei aksjonerte framfor Stortinget i fjor.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Skal gjere begge deler samtidig

Brystkreftforeininga sin kamp for å få ned ventelistene på rekonstruksjon har fått politikarane til å handle. Etter sterkt press lova helseministeren i mai 50 millionar kroner til brystrekonstruksjon på fjorårets reviderte nasjonalbudsjett.

I oktober lova helseminister Jonas Gahr Støre 100 nye millionar i 2013.

Dei sette seg også som mål at flest mogleg kvinner skal få brystrekonstruksjon samtidig som dei blir kreftoperert.

– Ein styrke for oss

Og i Helse Førde har dei no fått på plass ein kirurg som skal betre situasjonen lokalt. Avdelingssjef Nils Sletteskog ved kirurgisk avdeling i Helse Førde er glad for at dei får ein ny kollega.

– Det har som kjent vore eit betydeleg fokus på det å få gjort rekonstruksjon av tapte bryst.

– Det er eit fagleg og politisk mål å få dette på plass ved dei einingane som behandlar slik sjukdom og det er ein stor styrke for oss at vi har fått dette på plass, seier Sletteskog.

Viktig for å kjenne seg frisk

Årleg får 50–60 pasientar brystkreft i Sogn og Fjordane og ca 20 av desse ynskjer rekonstruksjon. Sletteskog seier dei pasientane som er eigna for rekonstruksjon vil få dette gjort samtidig som dei blir kreftopererte.

Ester-Johanne Sande i Brystkreftforeininga i Sunnfjord seier dette er svært viktig for mange.

– Det å miste eit bryst, det er å miste ein kroppsdel og for kvinner er dette sterkt knytt til femininitet og kvinnelegheit.

– Eg trur dette er veldig viktig for både helse, velvære og trivsel for dei kvinnene som blir råka og mister eit bryst. Dei kan føle at dei er heile igjen og at ein er frisk, seier Sande.

Slepp ei ny belastning

At mange med brystkreft no kan sleppe to operasjonar vil utan tvil vere ein fordel, seier ho.

– Ein operasjon i seg sjølv er ei stor belastning for kroppen, og det å få gjort dette under eitt, då blir ein spart for ein operasjon og ein sparar seg for masse ringverknader som følgjer med, seier Sande.