Hopp til innhold

Kraftselskapa kjenner seg rusta no, enn dei fjorde før Dagmar

Romjulsorkanen Dagmar førte til at fleire tusen menneske var straumlause i dagevis. No melder kraftselskapa i Sogn og Fjordane at dei kjenner seg betre rusta for ein eventuell ny juleorkan.

Tre som har lagt seg over kraftlinjer

OVER ENDE: Hundrevis av tre la seg over ende under romjulsorkanen i fjor. No har kraftselskapa rydda linjetraseane og meiner seg betre budde enn dei var i fjor.

Foto: NRK

Øydeleggingane etter orkanen i jula i fjor var enorme. Også på linjenettet der hundrevis av tre hadde lagt seg over ende og førte til store problem.

Det siste året har selskapa brukt mykje tid på å rydde opp, men også på å bu seg på nye stormar. 11 månader etter uvêret sine herjingar meiner dei at dei vil kunne takle nye stormar betre.

– 99 prosent av feilen

Skogrydding rundt linjenettet er det mest konkrete tiltaket kraftselskapa har gjort for å hindre like omfattande straumbrot ved ein ny orkan.

For det var nettopp skog som vart lagt ned av vinden som øydela mest av alt under Dagmar, fortel nettsjef Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi.

– 99 prosent av feila var ikkje på grunn av feil på nettet, men på grunn av skog som la seg over linjene, seier Aase.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skog over linja på veg til Veitastrond

STORE SKADER: Slik såg det ut kraftlinja som gjekk til Veitastrond etter vinden sine herjingar i romjula i fjor.

Foto: Anders Molland

Har lagt om frå luft til kabel

Tusenvis vart utan straum i tida etter orkanen. Ein ringerunde NRK har gjort viser at kraftselskapa har gjort grep i løpet av dei 11 månadene som har gått sidan uvêret.

I tillegg til skogrydding har også utbetring av interne samband, og oppdaterte tiltaksplanar stått på dagsorden.

Nettsjef Harald Stadheim i Sognekraft seier jordkabling av linjer har blitt meir aktuelt etter uvêret sine herjingar.

– Vi har konkrete eksempel på at vi har lagt om frå luft til kabel. Det har vi gjort for å eliminere risikoutsette trasear på enkelte strekningar, fortel Stadheim.

Vi har gjort ein skikkeleg innsats

Kraftselskapa i Sogn og Fjordane er alle samde om at erfaringane frå romjula har gjort dei betre rusta for nye stormar.

– Eg trur vi, kommunane i fylket, og dei andre kraftselskapa totalt sett har løfta seg i forhold til Dagmar. Det er eg ikkje i tvil om, seier Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi.

Han får støtte frå nettsjefen i Sognekraft.

– Eg skal ikkje seie vi har hundre prosent gardert oss, men vi har gjort ein skikkeleg innsats for å sikre dei mest utsette traseane, seier Stadheim.

Men som Asgeir Aase i SFE seier det, det er uunngåeleg med straumbrot når naturkreftene tek sats.

– Vi kan ikkje byggje oss ut av eit så ekstremt uvêr.