Hopp til innhold

Reduserer produksjonen, men aukar lønsemda

Endra planar for Vigdøla kraftverk vil føre til noko lågare produksjon, men også betre økonomi. Søknaden er no inne til behandling.

Vigdøla

ENDRAR PLANAR: Statkraft endrar sine planer for Vigdøla kraftverk. – No blir det å vente på ny handsaming i NVE, som skal vurdere denne saka på nytt, med dei endringane vi har gjort i prosjektet, seier informasjonssjef Normann Kjærvik i Statkraft.

Foto: Statkraft

Endringane vil hovudsakleg føre til høgare restvassføring i Vigdøla, med dei positive følgjer dette har for landskap og naturmiljø.

Planendringane vil også føre til ein noko lågare produksjon i kraftverket.

– I søknaden vår er maskininstallasjonen i kraftverket redusert frå 16 til 8,5 MW. Det vil mellom anna imøtekomme kravet om større restvassføring i Vigdøla nedanfor inntaket, seier Norman Kjærvik, informasjonssjef hos Statkraft.

Betre økonomi

Statkraft har planar om å utnytte vasskreftene i elva Vigdøla, men fylkesmiljøvernavdelinga retta ein peikefinger mot miljømessige negative følgjer ved redusert vassføring nedanfor inntaket.

Vigdøla

VIGDØLA: Elva Vigdøla er ei sideelv frå aust til Jostedøla i Luster, og renn kring 12 kilometer frå utløpet i Gaupnefjorden.

Foto: Statkraft

Auka kostnader og reduserte energiprisar har også gjeve prosjektet ein merkbar svakare økonomi. Dette betrar seg med dei planlagde endringane.

– Økonomien i prosjektet blir òg betre fordi grunnrenteskatten fell bort, slik regjeringa har lagt opp til i statsbudsjettet for 2015, seier Kjærvik.

Redusert produksjon

Restvassføringa aukar, då slukeevna i kraftverket går ned frå 3,2 kubikkmeter i sekundet, til 1,7 kubikkmeter i sekundet.

– Vi held oppe nivået på minstevassføring vår og haust, slik vi opphavleg søkte om. Det vil seie 0,3 kubikkmeter i sekundet i periodane 1. mai til 30. juni og 16. august til 30. september, seier Kjærvik.

Vigdøla

MINSTEVASSFØRING: NVE sitt framlegg til minstevassføring har vore sentralt i planendringa.

Foto: Statkraft

Statkraft søkte opphavleg om å produsere kring 49 GWh i året. NVE sitt krav om auka minstevassføring vår og haust reduserte dette til kring 47 GWh i året.

Små naturinngrep

I det nye alternativet det no blir søkt om vil kraftproduksjonen ligge på om lag 35 GWh/år.

– Så produksjonen blir ein god del mindre enn opphavleg omsøkt, seier Kjærvik.

Planane har vore omstridd og naturvernarar har prøvd å stogge utbygginga. Kjærvik meiner kraftutbygginga medfører relativt små naturinngrep.

– Det blir etablert eit lite inntak i om lag 600 meters høgde i Vigdalen, vatn blir ført gjennom tunnel og trykksjakt ned til ein ny stasjonshall like ved Jostedal kraftstasjon, og avløpsvatnet blir ført i eksisterande undervasstunnel til Gaupnefjorden. Vi vil også nytte eksisterande kraftliner ut frå kraftstasjonen, seier Kjærvik.