Hopp til innhold

– Mykje kjekkare enn å selje dasspapir

GLOPPEN (NRK): Medan andre elevar sel dopapir og har kakelotteri, har elevane på Sandane gått til skogs for å samle inn pengar til skuletur.

Vedhogst finansierer klasseturen
  

Idrettselevane på Firda vidaregåande skule på Sandane i Nordfjord hogger ved for å finansiere neste års klassetur. Målet er 200.000 kroner til ein treningsleir i Spania.

– Det er jo folk som er rundt og sel dasspapir kvart år og mange grupper som sel lodd. Dette er kjekkare for oss, og ved er jo noko folk må ha, seier Gudmund Bjotveit.

Gudmund Bjotveit arbeider

TUNGE LØFT: Gudmund Bjotveit får hjelp til å bere trestokken som straks skal bli kløyvd til ved.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Han er ein av elevane i andreklasse på idrettslinja til Firda vidaregåande. Neste år skal dei på treningsleir til Spania, og det kostar pengar. No tar dei øksa fatt for å finansiere turen.

– Det går veldig bra. Vi vore her oppe i skogen eit par gonger, og har hundre sekkar allereie. Satsar på enda meir i dag, seier Bjotveit.

Viktig med god sikkerheit

Nokre av elevane har meir erfaring enn andre, så dei tar seg av traktor, vedkløyvar og motorsag. Det er også klare reglar for alle andre.

Ved på bakken

FRISK LUFT: Elevane synast det er mykje kjekkare å komme seg ut i naturen, enn å selje lodd og dopapir til familie og kjenningar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Alle som er i nærleiken av maskinene skal ha høyrselsvern. Dei som er på vedmaskina er lært opp, og vi er alltid forsiktige når vi brukar den, seier Johannes Siem.

Siem har tatt motorsagkurs og har sertifikat for traktor. For resten av gjengen er det sunn fornuft som gjeld.

– Det går mest på det å tenke, ikkje forhaste oss og ta ting roleg og kontrollert, legg Bjotveit til.

Hektar vedmaskin på traktor

KJEKT: Elevane synast det er mykje kjekkare å komme seg ut i naturen, enn å selje lodd og dopapir til familie og kjenningar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Vil på treningsleir i Spania

– Vi vil på klassetur til La Santa i løpet av tredje året, så vi må spare pengar, seier Sandra Kleppenes Sårheim.

Ho og klassa har eit ønske om å samle nok pengar til å reise på treningsleir på Lanzarote. Men for å komme seg dit treng dei ca. 200.000.

Sandra Kleppenes Sårheim

VIL PÅ TUR: Sandra Kleppenes Sårheim håper klassa samlar nok pengar til at det blir treningsleir på Lanzarote.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Dei har ikkje eit talfesta mål for kor mange vedsekkar dei skal produsere, men det er berre arbeidslysta det står på.

– Vi har så mange tre her oppe, at det går på kor mykje vi har lyst til og kor mykje vi orkar. No har vi hundre sekkar, og i løpet av dagen blir det vel opp mot 140-150, seier Bjotveit.

Samson Steindal Vonen hogger ved

HARDT ARBEID: Samson Steindal Vonen brukar heile kroppen for å kløyve vedkubbar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK