NRK Meny
Normal

«Positivt frå ministeren, men ikkje nok»

Positivt frå miljøvernministeren om jerveproblema, men det er ikkje nok. Det meiner sauebønder i Sogn.

Lam drepe av jerv

IKKJE NOK: Ei betring av lisensjakta er ikkje nok for å hindre jerven sine herjingar, meiner sauebønder i indre Sogn.

Foto: Statens Naturoppsyn

Miljøministeren lova denne veka fleire tiltak for å ta ut fleire streifdyr i lisensjakta. Det er bra, men berre eitt av fleire tiltak som må til for å redusere jervedrapa på sau, meiner Ole Bjarne Hovland.

– Den delen åleine er ikkje løysinga på problemet.

Berre denne sommaren kan 3 til 400 dyr vere tekne av jerv i Sogn. Leiaren i Naddvik beitelag, som har hardt råka av jerven eller jervane sine herjingar, seier det er godt å høyre at statsråden tek tak i saka.

– Skal me halde fram med sauer her i indre Sogn må det skje fleire ting. Meir effektiv lisensjakta berre er ein av dei tinga, seier Hovland.

– Jervegrenser viktigare enn jakta

Det var i spørjetimen i stortinget denne veka miljøminister Tine Sundtoft lova meir effektiv lisensjakt og auka beredskap på å ta ut jerv som kjem over grensa til Sogn og Fjordane. Ho nemnde meir bruk av skuter, lys, kamera og jervebås.

– Det å gjere meir gjennom lisensfellinga, er måten å gjere dette på.

Ole Bjarne Hovland i Naddvik beitelag.

UROA: Hovland er ein av fleire sauebønder i området mellom Årdal og Lærdal som er råka av jerven.

Foto: Oddleif Løset

Men for bøndene i Indre Sogn er det viktigaste tiltaket å hindre at dei store rovdyra får yngle heilt inn mot fylkesgrensa på Opplandsida.

– Det er viktigare enn effektiviseringa av lisensjakta, seier Hovland.

Vil ikkje overstyre Oppland

Sogn og Fjordane er prioritert beiteområde, og det skal ikkje vere ynglande jerv eller jerv som utgjer ein trugsel mot beitenæringa i fylket.

Men spørsmålet om kvar grensa for ynglande jerv skal gå i Oppland, er det rovviltnemnda i Oppland som avgjer. Statsråden vil ikkje overstyre deira avgjerd, men i spørjetimen la ho til:

– Vi er i god dialog med rovviltnemndene, også når det gjeld å sjå på framtidige grenser mellom rovviltområda, sa Sundtoft.

For eit par år sidan flytta rovviltnemnda i Oppland grensa for ynglande jerv nærmare Sogn og Fjordane. Hovland ser at naboane i aust har interesse av å ha dei pålagde ynglingane av rovdyr plassert i fjella mot vest, men håpar statsråden får til ei endring.

– Me må berre jobba. Som statsråden seier jobbar ho ganske intenst med saka, så me får berre tru på ei løysing, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune