Bøndene i Sogn og Fjordane er ikkje lenger på botnen av inntektsstatistikken på Vestlandet. I fjor passerte dei kollegaene i Hordaland når det gjeld driftsoverskot.
Rådgjevar Heidi Knutsen i Norsk Institutt for landbruksøkonomisk Forskning - NILF - meiner bøndene i fjordfylket kan sjå tilbake på eit relativt godt år. Ho syner til at mellom anna mjølkeproduksjonen auka og var med på å betre inntektene.
171.500 kr per bruk
NILF har plukka ut 177 gardsbruk på Vestlandet - 62 av dei i Sogn og Fjordane. Dei utvalde bruka her i fylket er i gjennomsnitt på 151 dekar. På desse bruka auka driftsresultatet med om lag 10.000 kroner i fjor, samanlikna med året før, og kom opp i 171.500 kroner i resultat.
Samstundes stupte inntektene til kollegaene i Hordaland med over 40.000 - til vel 158.000 kroner - mykje på grunn av at 2003 var eit elendig år for fruktbøndene. Også i nabofylket i nord gjekk inntektene ned.
Bjarte Nordanger. NRK-arkiv.
– Ikkje representativt
Fylkesleiar Bjarte Nordanger i Sogn og Fjordane Bondelag meiner utvalet av 62 bruk ikkje er representativt for jordbruket i fylket og at statistikken difor ikkje gir det rette biletet av tilstanden.
– Dersom ein ser på tala bak, ser ein at betringa kjem av at bøndene har sprunge fortare og jobba meir, seier Nordanger, og slår fast at vederlaget per årsverk har gått ned.