Hopp til innhold

Betrar ferjetilbodet

Statens vegvesen betrar ferjetilbodet på strekninga Mannheller - Fodnes. I 2008 skal ferjene gå med 20 minuttars mellomrom på dagtid.

- Ferjene i dag har veldig god tid, så me meiner at det er effektivt å auka frekvensen, seier Eli Næss ved vegkontoret.

- Eit anna argument er at når me aukar frekvensen treng me ikkje større ferjer.

I dag går ferjene med ein halvtimes mellomrom, men frå 2008 skal dei gå med 20 minuttars mellomrom frå 6 om morgonen til 21 om kvelden. Så blir det 40 minuttars frekvens fram til midnatt, og timesfrekvens på nattestid.

I Balestrandsektoren blir rutene omlag som no, men med like ruter alle dagar.

Oppstuss

I 2004 vart det oppstuss då Fylkesbåtane tilbaud seg å betala for å få driva Mannheller-Fodnes. Staten kan nemleg ikkje ta imot betaling for å la eit selskap driva ei ferje. No slær dei saman overskotsambandet Mannheller Fodnes og underskotssambandet i Balestrandsektoren for å unngå den situasjonen, vedgår Eli Næss.

- Det er også for at me skal sjå ferjemateriellet i dei to sambanda i ein samanheng, seier ho.

Det skal vera opning av ferjeanbodet 14. august i år, og avgjerd eit par månader seinare.