Betrar dialysetilbodet i Lærdal

Dialyseavdelinga ved Lærdal sjukehus blir ny – og større. Talet plassar blir dobla og det kjem nytt sentralt vassrenseanlegg som vil gi auka fagleg kvalitet på tilbodet, opplyser Helse Førde i ei pressemleding. Dialyse er ei livsoppretthaldande behandling som blir gitt ved nyresvikt. - Vi er svært glade for at vi no får på plass at ei ny og moderne dialyseeining som tilfredsstiller krava til fagleg kvalitet på tenesta, til pasienttryggleik og gode arbeidstilhøve for dei tilsette, seier stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue.

Lærdal sjukehus
Foto: Noralv Pedersen / NRK