NRK Meny
Normal

Betalte legevikar 40.000 kroner i veka

Vågsøy kommune betalte ein utanlandsk vikarlege godt i sommar. 160.000 kroner måtte dei punge ut for fire veker med tenestene til legen.

Kommunalsjef i Vågsøy, Jeanette Jensen

DYRT: Våsgøy kommune betalte legevikaren 40.000 kroner i veka i sommar. Kommunalsjef Jeanette Jensen vedgår at det var dyrt å sikre seg legen sine tenester.

Foto: Birger Meland / NRK

– Jo, sjølvsagt er det auka kostnadar for kommunen, seier kommunalsjef i Vågsøy, Jeanette Jensen.

I sommar måtte kommunen leige inn ein utanlandsk lege i åtte veker. Etter dei første 14 dagane som var til noko redusert pris, måtte kommunen punge ut 40.000 kroner i veka til vikarbyrået.

At det er vanskeleg å få tak i nok legar er ei vanleg problemstilling for norske utkantkommunar. Slik er det også i Sogn og Fjordane og for Vågsøy kommune.

Fylkeslege Per Stensland meiner bruk av vikarbyrå for å få tak i legar er både ei kostbar og dårleg løysing.

Langt billegare i Stryn

Vågsøy kommune fekk refundert om lag 25.000 av dei 40.000 kronene i veka frå den statlege helseøkonomiforvaltninga Helfo.

Likevel er dette kostbart samanlikna med Stryn, der kommunen i sommar betalte 2500 i veka til vikarbyrået, då dei leigde inn ein utanlandske lege. Legane i Stryn er sjølvstendig næringsdrivande og hentar i hovudsak inntektene sine frå pasientkonsultasjonar.

Helse- og sosialsjefen i Stryn meiner deira utgifter til vikarlegar har vore til å leve med for kommunen.

– Det er ikkje prisen som er mest tvilsam. Bruk av vikarbyrå er i naudløysing fordi vi ikkje klarar å rekruttere vikarar på andre måtar, seier Berit Wetlesen.

160.000 for fire veker

Men i Vågsøy betalte dei altså langt meir.

– For fire veker har vi betalt 160.000 kroner, for det som var normalen deira, seier Jensen.

Ho er heilt klar på at den beste ordninga hadde vore fast tilsette legar.

– Dei vil vere her over lang tid. Både for kommunen som arbeidsgjevar og ikkje minst for innbyggjarane, er det aller beste å kjenne fastlegen sin godt.