NRK Meny

Betalte ikkje skatt - no må mannen i fengsel

Ein nordfjording i 60-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i sju månader og 50 000 kroner i bot.

Fjordane tingrett

DØMD FOR SKATTEJUKS: Nordfjording frå ikkje drive eige næringsverksemd dei neste tre åra.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Over ein periode på fem og eit halvt år unnlèt mannen å betale nær ein million kroner i skatt og avgifter til det offentlege.

Saka vart avdekka i samband med eit bokettersyn for 2013. Nordfjordmannen som er i 60-åra la alle korta på bordet med det same.

På bakgrunn av det finn retten det prova at mannen har gjort det han var sikta for, og at han har handla med vilje med urettmessig vinning som føremål.

Brotsverk av denne typen blir vurdert som alvorlege. Den sikta har brote lovføresegner som er sentrale for at styresmaktene skal kunne føre kontroll med privat næringsverksemd.

Mannen er også tidlegare dømd for brot på rekneskapslov, likningslov og meirverdiavgiftslov.

Etter ei samla vurdering har retten kome til at mannen ved sine straffbare handlingar har synt at han ikkje er kikka til å driver verksemd. Mannen er også frådømt retten til å drive næringsverksemd i tre år.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar