Hopp til innhold

Feil val av bilførar kosta småbarnsfamilien 18.000

Småbarnsfamilien frå Hordaland skulle berre til trivselsfylket. Det kosta dei 18.000 kroner – i bøter.

Førde sentrum med Firda Billag

FARLEG: Det oppstod fleire farlege situasjonar, mellom anna like før Førde, under familieturen til Sunnfjord.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For medan faren i 20-åra sat i baksetet saman med borna, var det den noko yngre mora i familien som sat bak rattet under familieturen i fjor.

Problemet var at ho mangla førarkort, og at hennar trafikale grunnkurs var utgått på dato. I tillegg mangla dei både ekstra spegel og L-merket på bilen.

– Dette høyrest utruleg ut, og vi har heldigvis ikkje vore borti tilsvarande, seier Elling Krogen hos Utrykkingspatruljen i Nordfjord.

– Skremmande

Elling Krogen og Bjarte Aasen i utrykningspatruljen i Nordfjord.

IKKJE IMPONERT: Elling Krogen (t.v.) utgjer Utrykkingspatruljen i Nordfjord saman med Bjarte Aasen. Han er skaka over køyreturen til småbarnsfamilien frå Hordaland.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Krogen reagerer spesielt på at mannen, som var å rekne som føraren i bilen, sat i baksetet utan sjanse til å kunne gripe inn dersom det skulle oppstå farlege situasjonar.

Og dei oppstod. Ifølgje førelegga var bilen fleire gonger over i motgåande køyrefelt under den kring 18 mil lange køyreturen. Utanfor Førde var paret ti meter frå å hamne i fronten på ein møtande lastebil.

– Det er skremmande at folk kan opptre slik i trafikken. Då tenkjer eg spesielt i høve til farepotensial på eigen familie, men også på andre vegfarande, seier han.

Vedtok førelegga

Krogen presiserer at han ikkje kjenner saka der mora fekk 10.000 kroner i bot, og faren fekk 8.000 kroner i bot for brot på vegtrafikklova.

Førelegga er vedtekne.

– Regelen er jo enkel, har ein ikkje godkjenning for å køyre motorvogn, så skal ein heller ikkje gjere det. Du må ha oppfylt minimumsalder, du må ha vore gjennom trafikale grunnkurs og må ha med deg bevis på at dette er gjort og bestått. Du skal heller ikkje ha sperrefrist for å kunne ta førarkortet, seier han.

Begge er bilførarar

Krogen minner om at både førar og følgjeperson vert rekna som bilførar i tilfelle der det blir stilt spørsmål ved rus og fart. Då kan begge vente seg bot for brot på lovverket.

Han legg til at det ved eit eventuelt forsikringsoppgjer grunna skade kan slå svært uheldig ut om lærekøyringa ikkje går føre seg etter lovverket.

– Vi har vore bort i tilfelle der det er snakk om mindre fartsoverskridingar under lærekøyring. Slik framferd er det heldigvis sjeldan vi er borti, seier han.