NRK Meny
Normal

Betaler dyrt for finanshjelp

Bremanger og Vik betaler rådgjevarar rundt 50 000 kroner dagen for å få Terra-pengar tilbake.

Dei er to av åtte kommunar som prøver å koma seg ut av investeringane med minst muleg tap.

3 millionar for å unngå tap

Ifølge Dagens Næringsliv har kommunane i Terra-saka søkt felles hjelp hos advokatar og finansielle rådgjevarar. Alle nyttar advokatfirmaet Lund & Co og firmaet Pareto.

Utrekningar viser at dagsrekninga kan koma på 200 000 kroner for dei åtte kommunane. I så fall vil den totale rekninga nærma seg tre millionar kroner.

Usikre på rekninga

Verken rådmann Nils Myrkaskog i Vik, eller Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad, veit kor mykje dei skal betala for finanshjelpa.

- Det kostar ein del pengar når ein summerer dette. Fordelen er at ein kan dela rekninga på åtte kommunar, og då blir det rimelegare, forklarar Svarstad.

- Me håpar at rådgjevarane får oversikt over situasjonen, og kan gi oss råd vidare, avsluttar Svarstad.

I mellomtida betaler Bremanger og Vik opp mot 50 000 kroner dagen for hjelpa.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.