Hopp til innhold

Betalar du for mykje i skatt? Det bør du sjekke!

Ved midnatt landa 4,7 millionar sjølvmeldingar i innboksar rundt om i landet. Du kan gå glipp av frådrag du har krav på om du ikkje tek ein grundig gjennomgang.

Altinn

SJØLVMELDINGA ER KOMEN: No kan du sjekke om du må betale restskatt eller om du får pengar igjen. Eventuelle endringar kan gi store utslag, den eine eller andre vegen.

Foto: Kim Jansson / NRK

Og sjølv om ikkje alle er like flinke til å sjekke at opplysningane er rette, så er interessa for sjølvmeldinga likevel enorm.

Like etter midnatt var det så stor pågang på nettstaden «Altinn» at den var nede i rundt ein time. Klokka 11 torsdag føremiddag hadde om lag éin million personar vore inne og sett sjølvmeldinga si.

Restskatt eller skatt til gode?

Men ei lita runde ute blant folk syner at det folk stort sett er opptekne av, er om dei har fått igjen pengar på skatten eller om dei må betale restskatt.

– Eg hadde gått over frikortgrensa og måtte betale rundt hundre kroner. Eg hadde håpt eg skulle få igjen, for eg trudde det, men eg visste ikkje at eg hadde gått så mykje over, så det må eg kanskje vere litt obs på, fortel ei av dei NRK møter.

Men andre er også opptekne av å sjekke at opplysningane stemmer.

– Eg sjekkar om eg har fått igjen eller om eg er skuldig, og så ser eg litt over tala for å sjå om det stemmer. Det har det gjort til no, seier ei anna til NRK.

Du kan spare på å sjekke

Ifølgje Skatteetaten er det mange som slepp å gjere endringar.

Marta-Johanne Gjengedal, Skatt Vest

SJEKK SJØLVMELDINGA: Oppfordrar Marta Johanne Gjengedal i Skatt Vest.

Foto: Skatteetaten

– Men det er greitt å sjå gjennom og passe på at alt av inntekter og eventuelt fri telefon og bil via arbeidsgjevar, er kome med, seier avdelingsdirektør i Skatt Vest, Marta Johanne Gjengedal.

Ein kan også risikere at ein betalar meir enn det ein skal, særleg viss ein ikkje kjenner til kva rettar ein har. Det er mange ulike frådrag.

– Om du er i arbeid og driv med pendling på oppunder ei mil tur-retur kvar dag, så har du krav på eit frådrag, så det må du sjekke opp i. Og så er det dei som har gjeld saman med andre, der må ein passe på at den er korrekt og rett fordelt, slik at ein får med seg gjelda, men spesielt renteutgiftene, fortel Gjengedal.

– Og så er det dette med om du har kjøpt ny bil, om du har gått over frå løn til pensjon. Har det skjedd endringar i livet ditt av betydning i fjor, så må du sjekke at det har kome med rett, seier ho.

Og sjølv om restskatt svir, er skatten likevel stort sett ønskt velkomen, ifølgje Gjengedal.

– Skattemoralen i Norge er høg, og dei fleste synest det er greitt å betale skatt.