Hopp til innhold

Bestilte narkotika på nett

Ein mann frå Sogn er i Bergen tingrett dømd for å ha importert narkotika frå utlandet. Over fem månader bestilte mannen i 20-åra mellom anna hasj. Delar av postsendingane vart stogga av Tollvesenet. Mannen slepp å sone fengselstraffa på 30 dagar om han held seg på rette side av lova i to år. Han må også betale 4.000 kroner i bot eller sone ti dagar i fengsel.