NRK Meny
Normal

Bestemor Thingnes synest det er for store forventningar til Bø-brørne

VEVRING (NRK): Bestemor Thingnes følgjer ivrig med når Bø-brørne går løp. Ho heiar ivrig og har store forhåpningar. Likevel synest ho det vert stilt for store forventningar til skiskytarane frå Stryn.

Magny Thingnes
Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det var ikkje så veldig stas å følgje med på skiskytinga i dei første to renna under OL. Då gjekk det jo ikkje så bra med Bø-gutane, seier Magny Thingnes.

Ho er bestemor til dei to skiskyttarbrørne frå Stryn og synest det tidvis vert stilt for store forventningar til Johannes og Tarjei i OL.

– Alle forventar at dei skal håve inn med gullmedaljar. Det er slett ikkje så lett. Dei skal jo både gå fort og treffe blinkane, seier bestemor Thingnes.

Som sjølvsagt håpar på det beste når barneborna går konkurransar.

– Eg fylgjer med når dei går løp, og heiar høgt vist dei treff blink.

– Vist dei bommar då?

– Då sekk eg litt i hop, seier den engasjerte skiskyttarbestemora.

Magny Thingnes
Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Glad for samhaldet

Magny Thingnes fortel at ho blei glad då ho såg dei to brørne stå og klemme kvarandre etter at Johannes hadde vunne gull.

– Det var sterkt å sjå. Eg synest det er veldig godt at dei har slikt eit godt samhald, seier ei engasjert bestemor.

Trur dei har lært etter festing og hærverk

Som kjent så laga Bø -brørne og Svendsen trøbbel ved å tappe luft ut av nokre bildekk i Pokljuka for nokre år sidan. Dette syntest bestemora lite om.

– Nei. Det likte eg ikkje. Sånt synest eg ikkje dei skal drive med, seier bestemora.

Ho trur brørne lærte av den episoden.

– Dei måtte betale for hærverket etterpå. Så eg trur dei lærte litt av det heile.

– Synest du det var greitt at dei måtte betale den gongen?

– Ja, det får våge seg, seier Thingnes og ler godt.

Bestemor Magny debuterte i Holmenkollen
Foto: Harald Thingnes / NRK

Skummelt med stafett

Snart er det klart for OL-stafett. Den grugler bestemora seg til.

– Stafetten synest eg er skummel. Går det gale der så øydelegg ein ikkje berre for seg sjølv, men for heile laget. Tenk berre på korleis det var i Sotsji. Der hadde dei vunne om den siste hadde treft. Nei, det er ikkje berre lett å vere ankermann i alle fall, seier Thingnes.

– Kva tippar bestemor her då? Kva blir resultatet?

– Nei. Det får vi berre sjå, seier ho muntert.

Vegopning på Bergum i Førde kommune