Hopp til innhold

«Vi legg oss med saka og vaknar med den. Vi får ikkje tankane vekk frå saka»

NAUSTDAL (NRK): Vintersola skin over det idylliske småbruket i Naustdal. Men barneleiken i tunet har stilna. – Vi forstår det framleis ikkje, seier besteforeldra.

Besteforeldrene forstår ikkje barnevernssaka i Naustdal.

VANSKELEG: Det kom som lyn frå klar himmel då barnevernet i november henta dei fem barneborna ut frå heimen i Naustdal. Besteforeldra fortvilar over situasjonen.

Foto: Bård Siem / NRK

Det har gått to månader sidan barnevernet henta søskenflokken på fem og plasserte dei i tre fosterheimar. Foreldra, som er pinsevener, er sikta og blir etterforska for vald mot borna sine.

I nabohuset fortvilar besteforeldra. Dei stiller seg uforståande til skuldingane mot dotter og svigerson.

– Det kom som eit sjokk på oss alle. Vi kunne ikkje i det heile forstå kva som skjedde, seier bestefaren.

– Uverkeleg

Gardshuset og besteforeldra sitt hus omkrinsar gardstunet der borna vanlegvis leikar. I snart tre månader har trampolinen og resten av barneleikane stått ubrukte. Eldstemann i søskenflokken er 11 år. Yngstemann er berre ein baby.

Besteforeldra ynskjer ikkje å identifisere borna. Difor vil dei vere anonyme. Men dei skildrar situasjonen som uverkeleg.

– Vi har vore her og budd her heile tida. Vi har aldri sett noko overgrep mot borna. Dei har heller aldri sagt til oss at foreldra har vore stygge mot dei, eller at dei har hatt det vondt, fortel bestefaren.

Demonstrasjonar

Svigersonen hans kjem opphavleg frå Romania. Der har barnevernsaka i Naustdal engasjert stort. Det har den også elles i verda, med fleire protestaksjonar, både i Europa og Nord-Amerika. Både kommunen og fylkeskommunen opplever ein storm av førespurnader frå kritiske røyster.

demonstrasjon i dublin mot barnevernet

DEMONSTRASJONAR: Berre i helga vart det arrangert fem ulike demonstrasjonar i samband med barnevernssaka i Naustdal. Biletet er frå ein demonstrasjon i Dublin tidlegare i år.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side/Daniel Catana

Ein eigen rumensk politikardelegasjon vitja Norge for å få barnevernet til å snu i saka. Samstundes har også ei rekkje utanlandske kristne media retta skarp kritikk mot det norske barnevernet. Dei hevdar ungane er tekne frå foreldra på grunn av streng kristen oppdraging.

– Vi oppfattar det slik at her har dei blanda inn den kristne trua. Det er merkeleg i eit kristendemokratisk land, at det skal vere forbode med kristen oppdraging. Det er heilt uforståande for oss, seier bestefaren.

– Har de ikkje forståing for at barnevernet har sin jobb å gjere, dersom dei har mistanke om at noko gale har skjedd?

– Jau då. Det går føre seg så mykje i samfunnet, at barnevern må vi ha. Men det kan ikkje vere ulovleg å bruke hovudet sitt. Det er framgangsmåten vi ikkje tykkjer er rett.

– Kan klage på vedtaket

Øyvind Bang Olsen

TEK TID: Rådmann Øyvind Bang Olsen seier barnevernssaker kan ta tid. – Det blir ofte innhenta sakkunnige vurderingar som foreldre og andre kan påverke innhaldet av. Det styrkar rettstryggleiken til dei involverte, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rådmann Øyvind Bang Olsen er ansvarleg for barnevernstenesta i kommunen. Han seier at det er ei alvorleg sak, som framleis er under etterforsking.

Politiet har tidlegare stadfesta at borna ikkje har blitt skadde som følgje av valden foreldra no blir etterforska for. Bang Olsen viser også til teieplikta.

– Men kommunen kan ikkje fatte eit slikt vedtak åleine. Denne typen vedtak skal stadfestast av fylkesnemnda, som er rettsorganet for barnevernssaker. Det er også slik at foreldre har moglegheit til å klage den type vedtak som dette inn til tingretten, seier han.

Tryggleiken til borna først

– Det er klart at dette er ei veldig alvorleg sak, og eg har stor forståing for kor vanskeleg situasjon foreldra står i, legg Bang Olsen til.

– Kva med å hjelpe foreldra, i staden for å ta frå dei borna?

– Når born fortel om alvorlege hendingar, så skal kommunen og fylkesnemnda vurdere beskyttelsestiltak. Her skal tryggleiken til born kome først.

Besteforeldra meiner foreldra si kristne oppdraging har medverka til at barnevernet har teke barna frå dei. Kva er din kommentar til det?

– Eg kan ikkje uttale meg om den konkrete saka. Men på generelt grunnlag kan eg seie at denne type argument ikkje vil halde når fylkesnemnda eller tingretten skal avgjere denne type saker.

– No har det gått tre månader. Kvifor tek det så lang tid?

– I barnevernssaker blir det ofte henta inn sakkunnige vurderingar som foreldre og andre kan påverke innhaldet av. Det styrkar rettstryggleiken til dei involverte. Dette tek nødvendigvis litt tid.

– Kjenner ikkje til vald

Besteforeldra fortel at eitt par av borna skal ha fått eit klask på baken ein gong eller to. Det skal aldri ha vore snakk om ris, slik det tidlegare var akseptert og lov til å gi norske born.

Vi legg oss med denne saka og vaknar med den om morgonen. Vi vaknar om natta med den. Vi klarer eigentleg ikkje å få tankane vekk frå det

Bestefaren

Dei avviser på det sterkaste at borna er utsette for systematisk vald.

– Vi kjenner ikkje til noko vald i det heile. Det er merkeleg at dei kallar det for vald, noko vanlege folk ikkje kallar vald. Det er kanskje slik dei fleste kan ha opplevd i ein spesielt stressa situasjon, at dei får eit klaps utanpå. Det er ikkje skadeleg i det heile, seier bestemora.

– Bør heller hjelpe

– Dersom det er så veldig strengt forbode så trur eg det er noko foreldre generelt ikkje kjenner til, legg ho til.

Besteforeldra meiner ungane har fått ei god, og kjærleg oppdraging. Dei fortel at foreldra elskar borna sine over alt på jord. Bestefaren skildrar barnevernet si framferd som eit overgrep både mot borna og foreldra.

– Dei må ha kunne brukt ein annan framgangsmåte, slik at alle vart vinnarar. No blir alle taparar, seier han.

– Kva framgangsmåte tenkjer du på då?

– Meiner dei at foreldra ikkje har gjort jobben sin, så må dei hjelpe dei, leggje til rette og førebygge, og ikkje berre kidnappe borna. Slik jenta sjølv sa.

Får ikkje tankane vekk

Bestemor viser fram ulike bilete der smilande foreldre er saman med minst like smilande borna på fjellturar, i båt på sjøen og i andre samanhengar. Bestefar ber om at borna må komme heim att så snart som råd.

– Vi legg oss med denne saka og vaknar med den om morgonen. Vi vaknar om natta med den. Vi klarer eigentleg ikkje å få tankane vekk frå det, seier han.

– Fryktar du at borna ikkje kjem tilbake?

– Då har vi eit regime i landet, som ikkje er vårt demokrati verdig. Noko så gale tenkjer eg aldri kan skje.