Hopp til innhold

Besteforeldra på første rad under premieren: – Trur eg aldri har vore så nervøs

BYGSTAD (NRK): Dei bur i Oslo og London, men det vart eit nært møte med publikum for mennene bak musikalen «Kom heim att, gut!»

Musikal om heimflytting

NÆRT OG PERSONLEG: Skodespelar Fredrik Høstaker og musikar Jostein Avdem Fretland (med ein lampeskjerm på hovudet) står bak musikalen som hadde urpremiere i helga.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg

I går kveld hadde musikalen urpremiere på Åmot operagard. Framsyninga er skriven og framført av Fredrik Høstaker og Jostein Avdem Fretland, opphavleg frå Førde og Lærdal, og handlar om heimflytting.

Og nettopp på heimebane var det ikkje mange tomme stolar då musikalen vart sett opp for fyrste gong.

– Eg hadde bestemor og bestefar på første rad, rett framfor meg. Så det blir veldig personleg og nært. Eg trur eg aldri har vore så nervøs før i heile mitt liv, seier Høstaker.

Djupt og sårt

Musikalen handlar om ein gut som må vende tilbake til heimbygda då far hans blir sjuk. Turen heim får han til å tenke på kvifor han flytta ut, på kven han er og kvifor han har blitt slik.

Blant publikum sat ekteparet Ida og Oddvar Etnestad, som syns dei to på scena overraska.

Kom heimatt, gut.

LOKAL DUO: Fretland og Høstaker har planlagt fire framsyningar av musikalen.

Foto: Mariell Øyre

– Eg synst det var sterkt. Det var håp, men òg eit trist stykke. Det var mykje meir djupt og sårt, enn eg hadde trudd, seier Ida Etnestad.

Ho trur ikkje ein treng å vere frå bygda for kjenne seg att i tematikken.

– Det har ikkje berre med by og land å gjere. Det har med oppvekst og barndom å gjere, det er mykje som kan vere sårt, seier Ida Etnestad.

Håpar på fleire kjente fjes

Dei to syns fråværet av rekvisittar kledde stykket

– Når du har enkle rekvisittar, men likevel brukar dei så aktivt, det gir ei djupne til stykket. Atmosfæren gjer at det passar at det er enkelt, det hadde ikkje kledd rommet med mykje staffasje, seier Oddvar Etnestad.

Neste veke spelar Fretland og Høstaker på Gloppen hotell og håper gamle lærarar frå vidaregåande tar turen.

– Vi håpar det blir mange kjente der òg, seier dei.