NRK Meny
Normal

Beste halvårsresultat nokon gong frå SFE

Sogn og Fjordane Energi er ei pengemaskin for eigarane og kunne i dag presentere eit halvårsresultat på 100 millionar i pluss.

Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE

GODT NØGD: Johannes Rauboti kunne i dag leggje fram eit strålande resultat for kraftprodusenten med hovudkontor på Sandane.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Straumprodusenten oppnådde eit konsernresultat etter skatt på 100 millionar kroner i første halvår 2017. Dette er 30 mill. kroner høgare enn første halvår 2016, og det beste ordinære halvårsresultatet for SFE-konsernet nokon gong.

– Ut frå forholda er eg svært godt nøgd. Noko av bakgrunnen for det er at det har vore ein veldig god produksjon. Prisane har halde seg litt betre enn det ein kanskje kunne frykte, seie konsernsjef Johannes Rauboti til NRK.

No er han spent på korleis nedbørsforholda blir i haust, sidan regnet er nøkkelen til korleis inntektene blir for SFE.

– Det som blir veldig avgjerande er prisutviklinga utover hausten. Det er gjerne slik at det er ein samanheng mellom fulle magasin og pris, men det er ikkje naudsynleg alltid slik at høg magasinfylling gjev låge prisar, slår Rauboti fast.

Nyleg blei det kjend at SFE kan bli ein del av ein samanslått kraftgigant på Vestlandet.

Eit kostnadsprogram har dei siste tre åra redusert SFE-konsernet sitt kostnadsnivå med totalt 25 millionar kroner. Rauboti seier dette har bidrege til resultatutviklinga.

– Vi kjem til å halde fram med å snu steinar for å redusere kostnadsnivået der vi kan, i lys av lågare kraftprisar og store investeringar dei komande åra. Eg er veldig nøgd med måten dei tilsette så langt har bidrege til å redusere kostnadane på ei rekkje område, seier Rauboti.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå