Hopp til innhold

Beste fylke i TV-aksjonen

Folk i Sogn og Fjordane har så langt bidrege med over 30 kroner per innbyggjar, mest av alle fylke i landet. – Heilt fantastisk, seier fylkesaksjonsleiar Kristin Sandal.

Kristin Sandal

MYKJE, MEN: Folk i Sogn og Fjordane og landet har gjeve store beløp til Regnskogfondet, men det ligg likevel an til å bli lågare enn i fjor. Sandal trur noko av forklaringa er andre, store innsamlingar som går parallelt.

Foto: Kirsti Falch-Nilsen/Rune Fossum

Klokka 22.00 har det kome nesten 3,4 millionar frå Sogn og Fjordane til Regnskogfondet, som er mottakar av pengane som blir samla inn.

– Dette har gått kjempeflott. Det er ei stor glede å sjå at så mange har stilt opp. Summen er allereie høg og kjem til å auke i løpet av natta, for det er mange beløp som er sette inn på konto og skal fordelast til riktig fylke, seier Sandal.

Bidrag frå folk flest via bøssene står for ein veldig stor del av totalbeløpet. Luster ligg så langt an til å bli beste kommune i fylket: Her kan du sjekke kva folk i din kommune gir.

Nedgang frå i fjor – men beste fylke

I fjor sette Sogn og Fjordane rekord, med 6,5 millionar innsamla.

– Totalt sett går det litt ned. Det er likevel eit fantastisk tal i år. Vi kan ikkje stadig slå nye rekordar. Vi ligg som beste fylke, med berre Svalbard føre oss. Det er veldig kjekt å sjå at vi ligg i toppen, seier Sandal.

På landsplan har det klokka 22.00 blitt samla inn over 110 millionar.

– Det er eit enormt beløp for ein organisasjon som Regnskogfondet, seier fylkesaksjonsleiaren.

– Mange andre innsamlingar samstundes

Kirkens Nødhjelp fekk i fjor 250 millionar kroner. Sandal trur det er to grunnar til at beløpet er sopass mykje lågare i år.

– Eg trur organisasjonen Regnskogfondet er ein mindre kjend organisasjon enn dei vi har hatt dei siste åra. Det har mykje å seie for beløpa som kjem inn. Det er lettare å mobilisere for meir kjente organisasjonar, seier ho, og legg til:

– Vi er inne i ein humanitær katastrofe, og det er mange andre, store innsamlingar som går parallelt med TV-aksjonen. Det vil gje utslag for TV-aksjonen, og det har vi stor forståing for.

Totalt sett er Sandal likevel svært nøgd.

– Ja, det er heilt fantastisk. Dugnadsviljen er enorm, og eg kan ikkje få takka folk nok. Beløpet vil få stor betydning for arbeidet til Regnskogfondet.